Jazznytt_wako

Kva høyrer vi på? –   Nitai Hershkovits. Sjukt bra pianist, sier Kjetil Mulelid. – Han og Shai Maestro har dei «midtøst-linjene» og ein touch ut av ei anna verd. Var på ein konsert med Shai i sommar som sette meg heilt ut. Til eg hørte Craig Taborn solo på Victoria litt seinare på hausten. Det var verkeleg ein av dei beste konsertopplevingane i livet mitt.

Eg møter pianist Mulelid, bassist Bárður Reinert Poulsen og saksofonist Martin Myhre Olsen til V60-brygga kaffi og sjokoladekjeks heime hjå Mulelid på St. Hanshaugen. I tillegg til trommeslagar Simon Olderskog Albertsen utgjer dei Wako – alle fire. Her er ingen leiar, alle har like mykje eigarskap til musikken. På den fjerde plata som kom i slutten av februar er nettopp det høyrbart. Plata går i alle retningar, men dei endar opp i lag – i eitt sjølvstendig uttrykk. Sidan kvartetten møttest på jazzlinja har dei kvar for seg markert seg som nokre av våre mest aktive jazzmusikarar. Men Wako har heile tida hatt momentum ved sidan av. Eit momentum som har resultert i fire plater på fem år. Då eg møter dei, har dei nettopp kome heim frå ein åtte dagar lang turné i England og Skottland. I London besøkte dei ærverdige Ronnie Scotts, og spelte eit sokalla late late show etter Elephant 9. Men med matservering og ein god del turistar i publikum vart ikkje nødvendigvis det høgdepunktet. – Det er klart – det var veldig fett med Ronnie Scotts, men det kulaste var å spele på slike plassar som New Galloway, fortel Mulelid. Der spelte dei på vesle Catstrand kunstsenter: – Det var skikkelig flashback til Aidensfield-stemninga frå barndommen. Og det verste var at det kom inn to politifolk under lydprøva!

Haha – det er ei bra episode då. Ein norsk jazzkvartett kjem til byen og lagar trøbbel.

– Ja, det viser seg at ein i bandet har prøvd seg på ein av dei lokale – så dukkar mannen opp på konsert.

– Men den beste konserten var nok i Nottingham. Der var det bra flygel, godt rom – og alle lytta. Det var fokusert. Det er slike ting som betyr noko! – Nokre låtar må ha eit godt flygel, meinar Olsen. – Når det er ei rockebule må vi spele annleis. Vi tilpassar ofte settlista etter det. Under Englandsturen møtte dei folk som hadde sett dei før: – Ein tenkjer mykje rart og negativt om internett og korleis det har forandra livet som musikar, men det har vore mest positivt for oss. Folk kan oppdage musikken frå heile verda. – Ein blir litt skremt når folk har kjørt to timar for å kome på konserten. Oi shit, vi burde spelt mykje betre. Det er jo veldig tilfeldig. – Ein vi snakka med i Edinburgh hadde til og med vore på konsert med oss før – i Krakow.


Så, Wako IV – kva var idéen?

– Vi har jo gjort så mykje forskjellige greier opp igjennom. Standardlåtar på Ila Brannstasjon og... – … backa Frode Alnæs. – Haha, stemmer det! – På førre plata var det veldig tydeleg at alle jobba mykje med impro. Modes For All Eternity med Oslo Strings, før det igjen, kom ut av at Martin hadde gått komposisjon og skrive mykje strykearrangement rundt dei tider. – No ville vi gjere ei skikkelig ambisiøs plate der vi berre gjorde alt som vi ville. Vi skal bruke masse pengar på den og ha masse gjestar. – Vi møttest tre dagar i sommar for å øve, og booka to dagar i Athletic og to dagar i Øra. To veldig ulike rom. Vi ville ha opne rammer. «Grown Up Life»   og  «Brain Drain» heitte eigentleg «rytmeskisse 3 og 4». Medan andre endte opp som meir eller mindre gjennomkomponerte låtar. – Vi fekk med oss ein gjest som kunne forsterke ideen med låta, og utføre alle låtideeane best mogleg, fortel Olsen. – Gjestane fungerer som ein katalysator for låtideane, legg Poulsen til. – Kyrre Laastad sin framtredande space echo på «Stjerneskipet» er jo ikkje noko ein først og fremst assosierer med ein akustisk jazzkvartett som oss. Rob Waring var med i Athletic og gjorde «Brain Drain» live utan noko pålegg. – Vi ville ha akkurat hans touch på den låta – det låt heilt nydeleg frå første take. – «Le tapis volant», som Espen Reinertsen er med på, er i utgangspunktet berre basert på ein enkelt klang. Espen fekk tilsendt filene og fekk frie tøylar.

Det raraste er kanskje Arve Henriksen sin «Trakterer du musikk?». På låta høyrer du horn, kor, song i ulike stemmeklangar. I den første e-posten til Arve skreiv Kjetil «Trakterer du musikk, Arve?» - «Slik trakterte jeg dette når man svarer på spørsmålet og lar impro og impuls lede an. :) Crazy weekend her...» var svaret hans.

– Då eg fekk den fila tilbake sat eg berre og lo, seier Mulelid. – Det er så mykje som skjer. Han trudde vi skulle ta vekk ganske mykje av det. Men vi berre beholdt alt.

Av gjestane på plata finn vi også Wako-venene i Oslo Strings, ein stryketrio beståande av Kaja Constance Rogers, Isa Caroline Holmesland og Kaja Fjellberg Pettersen.  – Oslo Strings er jo ikkje berre ein kva som helst slags stryketrio. Det må vere akkurat dei. Dei har kick på å spele vanskelige ting, frie ting.

Wako og Oslo Strings held stadig konsertar med i lag parallelt med det andre Wako driv på med.

Det skjer mykje forskjellig på plata. Samtidig opplever eg at det heng saman med noko – det er heile tida assosiasjonar… er det nokon spesifikke de har hørt på?
– Kva tenkjer du på då? (Kollektiv latter) Haha, nei, eg er jo livredd for å seie noko.

Det er det rare med assosiasjonar – med ein gong du set ord på akkurat kva du assosierte til, spesielt av anna musikk, blir det fort heilt feil. Men Wako er fans av musikk – dei er glad i å lytte. – Vi har alltid nokre vibes som vi går til i opne parti på konsertane. Der alle skjønar kva ein hintar til. Den form for samspel er gøy når ein kjenner kvarandre så godt. Olsen måtte forlate kaffislabberaset for å selje ein saksofon, men Mulelid og Poulsen vart heldigvis igjen. Wako likar å snakke om musikken: – Også etter konsertane – «kvifor vart det bra?» Eller «kvifor vart det ikkje bra?» – Eg tok timar med Kresten Osgood i København, fortel Kjetil. – «Musikk du aldri har hørt før» heitte emnet – og så skulle vi ikkje prate om det!? Det syns eg var veldig vanskeleg. Eg kjenner jo eit behov for å sette ord på det eg har opplevd. Det oppstår kanskje ein femte ting ut frå dykk fire når ingen styrer det? Om ein høyrer på denne plata – det er jo ingen som er slik, haha. – Og slik vil det kanskje låte mykje meir ærleg? – Vi har ein demokratisk, flat struktur i Wako, fortel Mulelid. – Om ein av oss hadde styrt prosjektet, så hadde det blitt ei heilt anna retning på alt. – I Kjetil Mulelid trio er det dine låtar, i Espen Berg trio, som eg spelar i, er det Espen sine låtar. Her er det alle sitt.  Alle vil få inn ting ein syns er fett, seier Poulsen. – Sjølv om for eksempel Martin ikkje spelar er det at han er tilstades avgjerande for korleis vi andre spelar. – Eg og Martin er særs ulike i måten vi skriv musikk på, fortel Mulelid. Det er natt og dag. Eg sit gjerne og jammar for meg sjølv, jobbar melodisk fram, høyrer for meg ting i hovudet, syng til. Medan Martin baserer seg på konkrete idear og er kanskje meir skulert i måten han jobbar på.

– Vi er også alle like ærlege på ting vi ikkje likar, påpeikar Mulelid. Og då er de som oftast einige?

– Tja, av og til får ein jo ein sånn, «nei, det var ikkje noko fint» eller «No var det litt mykje lydforming», når du har gjort noko du sjølv er skikkelig fornøgd med – det er jo litt vondt, ler Poulsen. Det går veldig fort frå tanke til handling i det bandet her. Eit halvt år etter ideen med denne plata oppstod, var den klar. De har ganske god arbeidsmoral?

– Når det trengs. Det er iallefall alltid litt momentum i Wako. Det ligg liksom og boblar, fortel Poulsen.

– Det er jo musikarlivet, då. Ein må skrive søknadar, booke jobbar, reise – vi gjer alt sjølv, fortel Mulelid. – Vi prøvde bookingbyrå, men det funka ikkje for oss. Eg trur ein kan få til like mykje sjølv, kanskje vel så det om ein berre jobbar.

– Det er jo også drive av samvit, smett Poulsen inn. – Du skal ikkje undervurdere den faktoren.

Det er kanskje enklare i eit band der alle kjenner på eit musikalsk eigarskap? – Ja, det trur eg nok.

– I Frankrike har dei eit ganske interessant system, fortel Mulelid. – Om ein spelar ca 40 jobbar over eit år, får du automatisk eit kunstnarstipend. Der det norske systemet går på kvalitet og evnen til gjennomføring, går dette meir på automatikk etter kva du faktisk har gjort. Det høyrest veldig digg ut, men samtidig jobbar det litt i mot nye stemmer som jo ikkje er så bra.

Søknadsskriving er jo også eit handverk som det norske systemet belønner kanskje?

– Samtidig – når ein reiser rundt så innser ein kor latterleg heldig ein er her i dette landet.

– «… og denne bassen – kjøpte eg for støttepengar.» Du kan få nokre løfta augebryn då.

Hehe, ja, det ryktast jo for eksempel at tyske musikarar er bitre på at nordmenn kjem og tek jobbane. Med norske støttepengar. – Eg trur det er noko ein skal tenke litt over, altså. Ein blir klar over situasjonen til andre. Ein burde ikkje reise til stadar og spele for døra fordi det går bra på støttepengar. Det finnast folk der ute som slit og ikkje har den backupen som vi har. Vi har absolutt gjort det same, men vi er blitt mykje meir medvitne rundt dette temaet.

Samtidig er det ikkje slik at jazzmusikarar akkurat er høgst på lønningstigen i dette landet. – Vi kan nok godt si at vi definitivt jobbar for noko anna enn pengane, ja. Støtte er noko eg kunne snakka i evigheiter om. Nokon gongar går det ikkje så bra, og andre gongar går det bra.

Det er jo stressande når det er så lite føreseieleg. – Ja, fytti helvete - er du gal? Men du blir meir vant til det, seier Poulsen. – Og det er litt lettare å få til ting. Men alt avheng jo av ditt initiativ frå gong til gong.

– Ein går inn i prosjekta med høg risiko, seier Mulelid. – Vi har jo alle måtte putta mykje av hyra vår inn i plateprosjekta.

Det har vore mykje snakk om psykisk helse blant frilansarar i det siste. Andreas Rotevatn i OJKOS snakka mellom anna om det å skape ein arbeidsplass som ein positiv bieffekt av orkesteret. Å gå på jobb, liksom.

– For min del hjelp det veldig å ha ein kjærast som skal på jobb. Ein har blitt flink å lage to-do-lister etterkvart.

Poulsen påpeiker at det det ikkje er mange jobbar du tek med dei vilkåra: – Likar du å reise, sitte på Kulturhuset i blant, vere aleine på øverommet, lite forutsigbarheit og lav lønn – då er musikar noko for deg. På jobbreise bur du på sofaen hjå folk du kjenner litt via via (blitt bedre med åra, må påpekes, hehe). «Gjekk frå ingeniør til jazzmusikar» – du ser ikkje den reklameplakaten.

Har de inntrykk av at det er forskjell på jazzmusikarar og klassiske musikarar når det gjeld slike forventningar til arbeidslivet som musikar?


– Eg hugsar eg tenkte på det då vi hadde entrepenørskap med Eldbjørg Raknes på jazzlinja, og der var nokon klassiske musikarar med – det var mange som synst fokuset var heilt feil. Eg vaks opp med Tord Gustavsen som førebilete – det var så tydeleg at det var det som var greia – å lage band, plater og reise på turné. Eg hugsar ein pianist eg gjekk på vidaregåande som gjorde masse jobbar. Fokuset hans var ut å spele, berre gjer ting, ut å jobbe liksom. Med ein gong.

Wako fekk solgt godt med plater på UK-turneen, men elles er det ørene frå strøymetenestene ein kan forvente av avkastning på innspelt materiale - og då er spelelistene viktig. Å havne på «Coffee table jazz» for eksempel. Trygve Seim har fått «Ciaccona per Embrik» på spelelista – 586 0145 avspelingar. – Eg sjekker jo ut spelelister, og tala er jo ofte imponerande. Men om dét blir inspirasjonen for å lage musikk – så er du jo heilt klart på feil spor, meiner Mulelid.

Det smakar jo ikkje nødvendigvis så godt det entreprenør-ordet. Men om ein snakkar om den greia med litt andre ord kan det jo også handle om ein estetisk kvalitet. Det finnast jo så mange flinke musikarar rundt omkring som ikkje tenkjer over kva dei vil med musikken. – Ein finn seg jo ei nisje – det er ikkje nok å berre vere god på instrumentet, ein må vere bevisst på alt det andre rundt. Ikkje at det skal vere fokuset i det ein lagar. Men det er ein tanke som er lett å gløyme.

Ja, det er sikkert mange som misforstår og tenkjer at det uansett går på bekostning av, eller berører det kunstnariske.

– I 2020 er det mykje fokus på spelelister og strøyming, meiner Poulsen. – Kva er nøkkelen i dei jazzlåtane som får 400 000 strøymingar? Mykje er jo fint – men så finn du også noko som virkar målretta laga for listene. «Coffee table jazz»-sjangren.

– Det blir jo funksjonsmusikk, meiner Kjetil. – Då lagar du ikkje musikken som er deg, då lagar du nokon andre sin musikk. Då mistar du iallefall det med ærlegheit som vi snakka om.

Poulsen ser på listene nærast med eit dystopisk blikk: – Livet blir så optimalisert gjennom spelelistene – du skal ha eit liv der du trenar, et sunt, har god relasjon til familie, kona di, går til psykolog. Du kan starte med «Morning coffee», «Commuting through the city», «Classical music for work», «Pump it up», «Chill lounge», «Cocktail jazz». Og så er det «Tuck me in», så er du ferdig med dagen.

Huff. Black Mirror burde lage ei musikkepisode. Peak musikalsk dystopi møtte Wako i Japan: – På det eine hotellet var vi eigentleg nøgde med musikken då vi kom – dei spelte jo Dave Brubeck – «Take Five». Låta slutta – og starta igjen. Morgonen etter – same låta. «Take Five» på repeat døgnet rundt! Det er jo trommesolo heile låta! 


Wako Wako IV (Øra Fonogram) er ute nå.


       - Tekst Torkjell Hovland, 01.03.2020


Foto: Anne Valeur

© Kjetil Mulelid