Interview

Interview with Olav Opsvik in Jazznytt (NO) // December 2017

På jakt etter opne landskap Pianist Kjetil André Mulelid (26) har høg aktivitet i studio og på

turné med Wako, Kjemilie og sin eigen pianotrio. I mellom slaga administrer han

plateselskapet Øra Fonogram.

 

Eit par år etter at han blei uteksaminert frå Jazzlinja i Trondheim har namnet til Kjetil André

Mulelid ein tendens til å dukke opp i platebunken på Jazznyttkontoret støtt og stadig. Denne

hausten er han ute med nye album med piano- og vokalduoen Kjemilie, der han spelar

saman med Emilie Vasseljen Storaas og sin eigen pianotrio med trommeslagar Andreas

Winther og bassist Bjørn Marius Hegge. Tidlegare i år kom kvartetten Wako ut med den

ambisiøse Modes For All Eternity i samspel med stryketrioen Oslo Strings. Når han ikkje

spelar på plater sjølv, har han sidan april i år også hatt fullt opp med å administrere

plateselskapet Øra Fonogram.

– Eg er frå ein knøttliten plass, der det er veldig lite jazz, fortel Mulelid då eg treffer han på

ein kafé på Majorstua i byrjinga av november. Han smiler og ler lett, og har ei audmjuk og lite

høgtideleg haldning. Den velse staden han snakkar om er Hurdal i Akerhus, og sjølv om det

ikkje er den mest jazztunge kommuna ein kan tenkje seg, var der éit viktig førebilete for

Mulelid som oppveksande jazzpianist.

– Den fem år eldre bror min høyrde ein del på jazz. Eg hugsar særleg godt at han viste meg

“A-Tisket, A-Tasket” med Ella Fitzgerald, og eg syntes det var kjemperart! Men han viste meg

også Tord Gustavsen, som også er frå Hurdal, og det var eigentleg han som blei mitt einaste

og største førebilete gjennom heile oppveksten, fortel Mulelid. Slik starta det heile, før vegen

gjekk vidare til musikklinja på Jessheim vidaregåande. Pianolæraren der (“Eg møtte han

faktisk tilfeldigvis i går!”) var også ein viktig figur for den vidare utviklinga, som sidan førte

han til Høgskolen i Staffeldsgate i eit år før han søkte seg til utøvande jazz ved Norges musikkhøgskole og ved NTNU.

Til slutt fall valet på Trondheim. – Ein lærar eg hadde, som kom frå Oslo og som sjølv hadde studert ved Musikkhøgskolen, sa til meg at “alt skjer i Oslo”, og meinte soleis at det var lurt å reise litt vekk. Eg visste lite om Trondheim og miljøet der frå før, bortsett frå at Tord Gustavsen hadde gått der. Så det var spennande!, seier han. I Trondheim blei han raskt involvert i fleire prosjekt, som popgruppa Fieldfare og dei tre nemnte prosjekta han er aktuell med i dag.

 

– Eit prosjekt som tidleg blei veldig viktig for meg var pianotrioen Lauv, med trommeslagar Kim Christer Hylland og bassist Bárður Reinert Poulsen. Alle tre var glade i den litt rocka stilen på musikken, og eg fekk tatt ut inspirasjonen eg hadde henta frå å lytte masse til Esbjörn Svensson det føregåande året i Oslo. I løpet av det første året i Trondheim dro vi til Færøyane, der Bárður er frå, på to vekers turné i Noreg og spelte inn plate. Det var ein viktig kick off på meg, og eg lærte at berre var å køyre på. Etter det gjekk det slag i slag, forklarar han.

Nokre timar etter intervjuet skal han spele i Majorstuen kirke med Kjemilie, som for høvet også har med seg fiolinist Håkon Aase. Aase har også bidrege på ein del låtar på den siste plata til duoen, Bakkekontakt.

– Eg har alltid vore veldig fan av duo med piano og vokal. Der er så mange moglegheiter, og i den settingen vert eg på ein måte heile orkesteret og kan gjere det eg vil. Og det er nettopp dét vi jobbar mot i Kjemilie: at vi har ei låt, og så går den låta den vegen den vil i dag, forklarar han. – Vi starta med å covre alt frå Stevie Wonder til Thomas Dybdahl og Nick Drake, i tillegg til våre favorittar frå jazzrepertoaret. I tillegg var duoen til Tord Gustavsen og Siri Gjære ei viktig inspirasjonskjelde. Så blei det eigne låtar, og rett før vi gjekk i studio med første plata landa vi på at alt skulle vere på norsk. Vi ønska at musikken skulle vere så naken og gjennomsiktig som mogleg, fortel Mulelid.

 

Hans eigen Kjetil Mulelid Trio har nettopp gitt ut debutplata Not Nearly Enough To Buy A House. – Plata er eit klart resultat av at eg har fått kick på å gå i studio utan ein heilt klar plan. Vi spelte inn ulike versjonar av låtane som kunne få svært forskjellige resultat. Det synest eg er fett, og så er det veldig stort for meg å få gi ut plata hjå Rune Grammofon! Der er vi i veldig godt selskap, seier han entusiastisk. Samtidig har han stor respekt for pianotrioformatet. – Vi gjorde eit intervju i Belgia, der intervjuaren sa at om han skulle samanlikne oss med noko måtte det bli Keith Jarrett sin trio. Når folk seier slikt, blir det litt sånn “fader, ass!”. Det kan vere litt skummelt å ha sin eigen pianotrio, når “fasiten” er artistar som Jarrett, Bill Evans eller Brad Mehldau, seier han.

Samtidig har han fått med seg medspelarar som gjerne bryt opp frå dei mest tradisjonelle samspelsformene. – Eg har blitt fan av bassistar som ikkje tek den bassrolla så himla seriøst. Og “Bjørni” [Bjørn Marius Hegge] er verkeleg der. Og Andreas kan å ta litt meir plass enn det som er mest typisk for ein trommis i den settingen. Samtidig sa Andreas tidleg til meg at eg spelte “litt for fint”. Hehe! Så noko av motivasjonen var kanskje å skitne til min stil, forklarar han. – Vi har også det fokuset med Kjemilie, det ikkje skal bli for fint. Det kan fort bli litt kjedeleg då.

 

I kvartetten Wako spelar Mulelid også med Poulsen på bass, i tillegg til trommeslagar Simon Albertsen og saksofonist Martin Myhre Olsen. Gruppa har nettopp vore i studio og spelt inn si tredje plate. – Når eg ser tilbake på første plata til Wako merkar eg at vi var i eit slags forskarstadie; “Kven er vi?”, medan den andre til ei viss grad var Martin sitt prosjekt, med dei omfattande arrangementa og involveringa av Oslo Strings. Medan vi no har vore i studio og spelt inn den tredje plata, kun som kvartett, og der er der svært mykje rom og fridom, med komposisjonar av både Martin og meg, samt kollektive improvisasjonar, forklarar han.

Fellestrekket for alle desse tre hovudgeskjeftane er akustisk jazz. – Eg har ganske enkelt funne ut at det er akustisk musikk eg brenner for, og kjenner så sterkt at det er det eg trekkast mot. Akustisk musikk med rikeleg med open rom for å improvisere. Musikk der alle kan få sagt sine meiningar, fortel han.

 

Når Mulelid ikkje sjonglerer mellom desse prosjekta, og forresten går han også masterstudiet ved Rytmisk konservatorium i København nett no, har han også gått hen og blitt dagleg leiar for plateselskapet Øra Fonogram, som er aktuelle med fleire platar du kan lese om i dette bladet. – Det har vore veldig nytt og veldig interessant å jobbe med Øra. Å organisere ting og få ting til å skje er svært givande, og eg set pris på alt eg får lære om korleis heile systemet fungerer. Det er så sjukt mange ting ein må forstå når ein skal drive med musikk, og eg likar å få det gjort sjølv, slår han fast. – Og så er det jo mykje fin musikk, og sjukt masse bra folk!

- Tekst Olav Opsvik, 01.12.2017

 

Foto: Anne Valeur

© 2018 by Kjetil André Mulelid